Dans og spetaljer
Kurs i folkemusikk
Fredag kl 17-19 vert det munnharpekurs med profesjonelle utøvarar og formidlarar av lokal folkemusikk Eivind Tanche Larsen Knutsen og gangarkurs med Tor Espen Helle og Valle leikarring!
Laurdag kl 10-12 vert det nye Hallingkurs med Ingebjørg Bø!
Dette er verkeleg noko og glede seg til!
Fredag: konsert med Nordstoga og Reistad
Folkemusikkpub
Fredag vert det konsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad. Med lun formidling, varm humor og masse speleglede har dei framført viser og folketonar av ulikt slag - vakre, morosame, stillferdige og fengande.
Folkemusikkpub etterpå!
Laurdag: Valle leikarring
Laurdag kjem Valle leikarring og me gler oss til ein flott konsert med blant anna fele, kveding og dans.
Laurdag:
Hylstringen bygdeband
Eit band av livlege bygdeheltar med klokkeklare stemmar held konsert kl 15. Bandet består av Eldbjørg Rysstad, Eivind Dahle, Tone Dahle og Jan Oddvar Rysstad.
Laurdag: Utedans
Laurdag kjem…….. TBA
Me lover med både god musikk, dans og spetaljer! Kvelden byr på god gammaldags marknadsstemning, med dans ute ved elva langt uti dei seine nattetimar.
Utdandørs servering/bar. Det vert og eit eige område for ungdommane, slik at dei også kan på dans, men hugs at dei må vere i fylje med ein føresett.
Vil du vere Frivillig?
Me treng garantert hjelp av deg!
Fyll ut skjema nedanfor så tar me kontakt med deg.