Mat og handel

Ølsmaking med Bygland Bryggeri

Torkjell Austad frå Bygland Bryggeri kjem for å halde ølsmaking fredag kl 19.

Smak deg gjennom ulike ølsortar frå Bygland Bryggeri i kombinasjon med Setesdalstapas.
Torkjel Austad tar oss igjennom ei reise i øltradisjonar og -historie.

Bygland Bryggeri har base på Austad i Bygland. Siden oppstarten har de spesialisert seg på å kombinere norske råvarer og bryggetradisjoner for moderne smaksløker. Einer og kveik (norsk gjær) er hyppig brukt, og alle ølsortene har dialektnavn med historier og design som forklarer både navn og ølet. Bygland Bryggeri har på kort tid høstet flere utmerkelser for både sine tradisjonsøl og IPAer, bl.a. terningkast 6 og beste IPA i VGs sommerøltest.

Mat & Drikke

Restauranten er open kvar dag frå kl 12-21. Her finn du ein rikhaldig a la carte meny i tillegg til den berømte Hylstringbiffen heile helga.

Fredag vert det pizzabuffet fram til kl 20.00

Frukost kl 07.30-10.00

Laurdag vert det også grill ved elva frå kl 12, i tillegg til andre matstasjonar på området.

Utandørs alkoholservering kl 20 laurdag (aldersgrense: 18 år).

Det kjem lokale forhandlarar som alle gjev gode tilbod!

Kva med nytt bunadssylv eller eit flott gåve til nokon du er glad i?

Treng du ny trimmar eller motorsag til hagearbeid? Eller kva med ein ny firhjuling?

Setesdal hud& velvære har profesjonelle hudpleiarar du kan tinge!

Utstillarar:

RysstadSylv, Bjørgulv Bjørgum, Hylestad Auto, Setesdal hud & velvære, Lokalmat Setesdal, Bygland Bryggeri, Diakoniutvalet, Jaktcompagniet, HH Motor, Jan Abel, Green Setesdal Beauty, Rysstad Laftebygg, Bøggis Bakeri, Helle Bakeri, Rosemålaren Geir, Lena Engan, Hylestad Bygdekvinnelag, Kjelleberg, elevbedrifter m fl. Alle utstillarar står inne for høg kvalitet og gode prisar på produkta sine.

Smaken av Setesdal

Matvarer frå lokale produsentar:

Fleire økologiske produkt og nydelege matvarer.

Bøggi`s bakeri og Helle Bakeri med ferske bakevareprodukt.

Smakfull ostar, honning, øl, salsa, kjøtt og andre godsaker frå lokale produsentar (Lokalmat Setesdal)

Bygland Bryggeri demonstrerar korleis ein bryggjer tradsjonsøl med kveik.

vil du vere utstillar?

Me har plass til fleire utstillarar på marknadsområdet. Fyll ut skjemaet så tar me kontakt med deg!