Tilbake til alle arrangementer
Endeleg er det tid for utedans på Rysstadmo, og Staut er klare med både “Sjå sole”, “Slepp me inn”, “Lett å og vara kødd men det køsta å vere kar “Reven på hønsejakt” og mange, mange fleire!!!
Sølvgarden Hotell og Feriesenter riggar til med scene nede ved vatnet, plent som i dei gode gamle dagar! Her vert det servering av mat og drikke, samt plass til både å sitje og røe eller teste ut om dansefoten framleis virker.
Det vert også rigga til ein eigen plass der ungdomane kan vere, slik at også dei kan nyte Staut utover kvelden. Rysstadmarknaden før i tida, var ein av dei få plassane som dei konfirmerte fekk lov å kome på fest.